Bilde av Vinterblot

Vinterblot

IPA 4.5%

  • Alene
  • Lam og sau
  • Svin
  • Småvilt
  • Storvilt
  • Sødme

  • Fylde

  • Friskhet

Ingredienser: Malt, humle, gjær og vann.

Vinterblot Øl fra Steinkjer

Til midtvintersblotet vart det brygga øl på Egge. Ølet var ein viktig del av blotet og det hadde dei med seg til hovet på Mære. Vinterblotet vart halde for fred, god vinter og god grøde for det kommende året. I sagatide vart jula lagt til same tid, og kvar mann skulle halde øl og feire jul i tre netter så lenge ølet vara.

Dette ølet er både brygga og tappa for hand. Det er ikkje filtrert eller pasteurisert, men er eit levande øl som er modna på flaska. ølet lagar såleis sitt eige karbondioksyd og utviklar eit stort smakspotensiale og god lagringsevne. På grunn av denne prosessen vil det væra att litt gjær i kvar flaske. Ved lagring i kjøleskap stopper midningsprosessen.
Ølet har best smak og aroma ved vanlig kjellartemperatur, ca 8 - 12 grader.